17. mai i kyrkja i Øystre Slidre

Det blir høgtidsamt med tonar frå Fagert er landet og Gud signe vårt dyre fedreland i gudstenesta frå Rogne kyrkje 17. mai!

17. mai-tog i Øystre Slidre. Foto: Saskia Aleida Van Veen

I staden for vanleg gudsteneste blir det på nasjonaldagen sendt ei overført gudsteneste frå Rogne kyrkje som vil bli lagt ut på kyrkja sin YouTube kanal. Du kan følgje seremonien her på heimesida til kyrkja og på kyrkja si Facebook side.
Klokka ni vil alle klokkene i dei 4 soknekyrkjene ringe og rett etterpå kan du følgje ei forkorta gudsteneste på nett.
Sjølv om vi ikkje kan møtast slik vi plar gjere denne dagen, og vi kjem til å sakne det flotte barnetoget håper vi at alle får ein fin dag.

Kyrkja i Øystre Slidre vil få ønske alle saman ein flott nasjonaldag! Gratulerer med dagen!

 

2020.05.05 ord for dagen2.jpg

Bilete frå opptak til 17. mai gudsteneste i Rogne Kyrkje.
Foto: Eli Vatn

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"